Spesialistkunnskapar nærmare folk etter NORSK OMO
RGANISERING Samhandlingsreforma blei innført 2012 og gav kommunane større ansvar for å sørge for borgarane sine behov for helsetenester. Etter to år har det blitt satsa på å desentralisere og integrere spesialistbehandling i kommunehelsetenesta for å kome nærmare der folk bur. Dialäsen trefte professor og forskar Einar Svarstad som fortalte om situasjonen innan nefrologien i Norge og i Bergen. I eit gammalt intervju frå 2004 om norsk nyremedisinsk foreining, snakkar du om situasjonen i norsk nyreforskning, og nemner blant anna nyreforskningsgruppa? –Ja, men det har skjedd mykje sidan den gong. Store delar av nyreforskningsgruppa vår er heilt ny no, og forskingsplattforma vår er i omorganisering etter at vi nyleg har fått rekruttert ein professor frå Sveits. Forskingprofi len vår dreier seg mykje om epidemiologisk forsking basert på det norske nyrebiopsiregisteret i Bergen. Det nye er særlig representert ved basalforsking, igjen med utgangspunkt i biopsimaterialet, og jakt på markørar for sjukdomsaktivitet og arrforandringar i nyrene. Forskningstrategien kan ein seia er frå «bench-to-bedside», og hensikta er å fi nna markørar som er til hjelp i behandling og forebygging av kronisk nyresvikt. Det skjer altså mykje nytt hos oss no innan dette området, men det skjer også mykje på dialysesida. Svarstad seier at det som er spennande no, er utvikling og DIALÄSEN 1.2014 skreddarsying av satelittdialyse. Samhandlingsreforma legg til rette for slik satsing. Også fordi behandling ved universitetsjukehus er dyrare. Sjølvsagt skal dei som treng det, få høgspesialisert behandling, men vanlege sjukdomar treng nok ikkje same nivå av ressursar heile tida, og det gjeld også for dialysebehandling. Satelittdialyse er veldig forskjellig lagt opp fordi ein ta utgangspunkt i dei ressursane som fi nst lokalt. I Norge er dei lange reiseavstandane eit hovudproblem, og dialysetilbod nærmare heimstaden gir stor helsegevinst for pasienten. Mykje av grunnlaget for satsinga på satelittdialyse er fordi teknologien er blitt enklare og sikrare. Utstyret er betre, og ikkje minst veit ein meir om korleis ein reint faglig kan gje eit meir differensiert og individualisert dialysetilbod , særleg til eldre pasientar med stor sjukdomsbelastning. Norge er i særstilling, for det er sikkert det einaste landet i verda der transplantasjons ventelistene ikkje aukar. Vi har 43 HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS